Prinsessa og fjerten - eit moderne eventyr om konger og juksemakarar Det hendte i de dager at kongen tinglyste etter ein karl til dottera si, prinsesse Märtha. Det kom mange menn frå alle hjørnene i riket, men dei som var gode nok for kongen, var ikkje bra nok for prinsessa, og omvendt. I disse dager satt ein liten gut og rota i oska heime til mora si og var trist som bare det. Mora lurte alltid på kva som feilte han, men ho fikk seg ikkje til at spørja. Dei to eldre brødrane hans, erta han stadig vekk fordi han bare satt der. Ein dag fant den eldste broren hans, Big, at han skulle ta seg inn til hovudstaden og prøve lykkja hos prinsessa. Han drog i veg med sekk på ryggjen og mat og drikkje hadde han i han. Etter at han hadde gått langt om lenge og lenger enn langt, så han ein gammal mann som sto oppi lia med skjegget i postkassa og kom seg ingen veg. Han ropte opp til mannen og lo av ham og lurte på kor lenge han hadde stått der. Mannen sa at no hadde han stått der med skjegget i postkassa i sju lange og sju breie og ba om at han ikkje kunne komme og hjelpe han, men Big bare lo og pekte og gjorde narr og gjekk vidare. Da han kom til hovudstaden, oppsøkte han raskt kongens slott og gjekk framfor alle dei andre friarane og bante seg frem for han mente at det ikkje var noko vits i å vente på dei andre. Han kom jo til å være den som gifta seg med ho uansett. Når han sto framfor kongen og prinsessa, presenterte han seg og sa ærendet sitt. Både kongen og prinsessa mente at denne karen var rett frem frekk og fikk han tatt med ned til kaia med sementsko. Etter litt tid, vart det liv der nede i stua der Big hadde bodd med brødrane sine. Dei hadde ikkje høyrt meir frå Big og ikkje hadde dei høyrt noko om noko bryllup, så Bigs yngre bror sa han skulle freiste lykkja og gå til hovudstaden for å høyre om bror sin og sjå om han ikkje kunne finna seg noko å gjera. Det han ikkje nevnte for foreldra var at han hadde planlagt å gifta seg med prinsessa sjølv. Han la i veg som bror sin, og som Big, så også han ein gammal mann oppi lia som sto med skjegget i postkassa. Han lo og pekte og lurte på kva han gjorde der med skjegget i postkassa. Mannen ba om hjølp, men broren bare lo og gjekk vidare og kom etter kvart til hovudstaden. Han gav seg straks i veg til Slottet og som broren, gjekk han foran alle dei andre og sto snart foran kongen og prinsessa. Det fyrste han gjorde, var å spørja etter tidender om broren, og da han fikk vita kva som hadde skjedd han, lo han for seg sjølv og presenterte seg og sa at han var her for å ta med seg prinsessa heim. Både kongen og prinsessa mente at denne karen var enda frekkare enn broren og fekk ham sporentreks lempa i fjorden med sementsko. Etter nokre månader heime i stua, tok dei til å lure på kva som hadde hendt med dei to eldste sønene og kvifor dei aldri høyrte noko om noko bryllup. No ville yngsteguten, Ari, i veg, men mora ville ikkje miste sin siste son, så ho nekta han. Men da det lei på kveld, tok han noko niste og ei flaske vin og la i veg. Da han hadde gått til det vart morgon, kom han forbi stedet kor mannen med skjegget i postkassa sto. Ari gjekk opp til han og lurte på kvifor han sto der. Mannen forklarte at han hadde blitt lurt av ei ung blondine som hadde dratt sin veg med huset og alle penga hans. Ari tykte det var svært leit, og lot mannen få seg ein skvett vin og noko å bite i, for det så ut som om han ikkje hadde fått seg noko i det heile tatt på ei lang stund. Men det var alt han kunne gjera for han, og han ergra seg over at han ikkje kunne hjelpa han, og i grunn vert han tristare enn før. Han gjekk og grunna så mye på dette, at han fant ut at om han vert gift med prinsessa, så skulle han skaffe til rette penger nok til å hjelpe mannen. Men Ari var ein negativ person, og etter nokre minutt hadde han funni ut at sjansen for at HAN vert gift med ei prinsesse, var heller liten, og at det kom til å gå med han som med brødrene og den gamle mannen ville aldri få hjølp og foreldra ville ha mista alle sønene sine og alt ville bli svært trist. Han satte seg ned på ein stubbe i veikanten, like utenfor hovudstaden, og grein sine salte tårer. Da kom ein liten nisse frem til han og lurte på kvifor han grein så sårt. Ari sa han bare var trist. Det var nissen også, han hadde nemleg mista skjegget sitt. Så fikk Ari enda en ting å tenkje på og enda mer å vera trist for. Etter kvart begynte han å gå mot hovudstaden igjen. Han kom seg til slottet og stilte seg i kø saman med de andre friarane. Då det vert hans tur, sa han kven han var og lurte på om dei ikkje hadde sett noko til brødrane hans. Dei fortalte Ari kva skjebne som hadde tilfalt dei, og no vert Ari virkelig trist. Han satte seg rett ned på gulvet og gret. Kongen og prinsessa såg på kverandre og så spurte de Ari kvifor han gret så fælt. Kva var det med han? Ari fortalte at med den siste nyheten som tynga han, vert han trist som faen og no kunne han aldri meir smila og aldri stoppa opp å gråte. Dei spurde han om dei andre tinga, og Ari forklarte mellom hulk og snufs. Kongen og prinsessa vert begge einsamde om å hjelpe både nissen uten skjegg og mannen med skjegget i postkassa, og prinsessa syntes så synd på Ari som satt der og gret at ho fann ut at ho ville gifta seg med han, av rein medlidenhet. Og så vert det bryllup, og dei levde ulykkeleg i resten av sine dagar. Og har dei ikkje blitt lykkelege ennå, så er Ari fortsatt trist som faen.